top of page

Som skoddeheimen syng





Vi tok laus då regnet allereie hølja opp råsa til taket av Sulafjellet. Vi trengde ein fot i bakken både mann min og eg: merkeleg korleis tankane kan bli lysare i kantane der ein trør våt sti i motbakke. Vegen er målet, men Eltrane var no dit vi ønskte oss denne søndagskvelden i åtte - ni tida. Dette vakre vestlegaste punktet av Sulafjellet kor bølgene bankar i fjellet så kantane er slipt til glatte flater under deg , kor det susar av villskap og brå vinklar. Vi nærma oss sjarmøretappa ut dit kor horisonten minner deg om at verda gyngar evig vidare og vidare, utan å bry seg døyten korkje om tankar eller kjensle du måtte ha for strømningane som rår.

Du veit at vi kan snu no?

Eg høyrde han sa det som ei slags avgjerd. Kjensla av sildrande vått ned nakken, surklinga i skoa og skodda drivande inn frå vest her på nordsida. Tanken vi kanskje har hatt om å impregnere desse tekniske kleda våre må ha dampa bort i all sol som har vore så sjeldan innpåsliten denne våren. Med Eltrane så uimotståeleg der foran, sa noko meg likevel at det var dags å være ei moden dame med vetet trass alt høveleg på plass.


Vi bør vel snu så ikkje skodda tar oss

Eg så meg sjølv snu kroppen frå vest mot aust, frå klipper og bølgebrus, til lyng og fjellplatå.

Sånn har det jaggu blitt: Før viste ein heider i å lene seg frampå tåa dei ekstra metrane. No ligg heideren i å gi seg. Ikkje gi opp, men gi slipp. Gi slipp på dei forstillingane du har laga deg om måla du skal nå og kva dei skal gjer med deg. Gi slipp på tanken om at berre vi kjem ut dit no, so opnar det seg det vi treng sjå. Det er den draumen vi ber på. No er vi i alderen kor vi skal ha skjønt at det er ikkje utpå Eltrane det opnar seg. Det er ikkje der utpå pynten kor målet kan feirast med eit dryppande high five og kanskje ein story på Insta. No er alderen kor du skal vende ryggen til målet , du skal snu i tide når kleda er våt og skodda sig innpå; du er i alderen då opninga skal stige innanfrå.


Hugsar du den songen til Hellbillies? Mann minn nynnar inn i tankane mine:


Då kjem eg te ei krasafaren steinbu. Eine veggen sigji ut, men taket nokolein. Set meg ned og finn fram nista. Våt  og kald so kroppen rista


Snart drøymer vi om ly og ei rast litt der framfor og slik surklar føtene vidare medan vi legg skoddeheimen bak oss.


Og nett mens heltane frå Hellbillies synest å ha teke herredømme over hjerna aldeles anar vi eit tak som skulle tåle eit par fjellfolk kvilande på trappa.





Åfto e livet som ein skoddeheim


Vegen e langtfrå bein


Eg kan'kji finne heim


Rota på rundt i eit narrespel


Kjempa imot eit bel


Lyg meg ifrå eindel


Når det e som aller svartast


Når det bles med krappe vindkast


Når eg går mot eit stup


Ni eit djup


Då kjem eg te ei krasafaren steinbu


Eine veggen sigji ut, men taket nokolein




Set meg ned og finn fram nista


Våt og kald so kroppen rista


Likevæl e eg glad






Comments


Recent Posts
Archive
Følg meg
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
bottom of page